tirsdag 8. september 2009

Ti linjer om haust


Hausten er komen. Lufta pirkar i huda, og plantar raude blomar i solbrun hud. Epler rotnar i bakken. Over marken flyg fuglane bort, no er han fri frå fugl og fiskar. Lange skjerf skrapar i grusen og drar med seg blindpassasjerar. Vi skal setja dei av under lauva, under trea.


Så drikk vi gravøl for sumaren. Kvar regndråpe skal skålast for. Kvar skjelving krevjar ein fest. Nuppar i huda held fest i frosta. Tida har komen for det siste. Det siste barbeinte sprang. Det siste varmande sollys. Kvit sol gjer alt klarare. Vi leikar så vidunderleg mykje. No med vekst, no med råte.