fredag 23. oktober 2009

Flannering. Krysset Stensgata & Pilestredet.


Bilar forbi
Andy Boy
Bilar forbi
Eit vakkert sinn
Eit trikkestopp
Er din transport
Forbi Raske Syklar
Andy Boy
Er Sellout
Men han er jo hyggelig da..

torsdag 22. oktober 2009




Eg vil legge meg

og sove i alt

som er vakkert

Fossen min

Håret ditt

Dei knekte tårene på vindauget

Eg vil krølle meg inn i ord

Eit foster i ein sang

Ein krok i ein tanke

Ein klump i hudlause halsar

søndag 11. oktober 2009

Oppvask


Kameraet zoomer inn på oppvaskvannet. ”Ok, så du skal egentlig bare vaske opp, så kommer vi til å zoome inn på hendene dine. Det vil komme ein voiceover som sier ”sliter du med dårlig hud etter å ha eksponert den for vann? Bla bla bla. Prøv kremen vår” Skjønner?” Ho nikker. Kikker ned på serviset. ”Skal eg prøve å legge inn litt sånn irritasjon i motivasjonen min. Legge litt aggresjon inn i måten eg behandler rekvisitten på?”.  Han ler. ”Eh, vi ser bare ryggen din, men viss du klarer å spille eksem med ryggen så er det bare å kjøre på. Det er ikkje så mye å overtenke det her. Det er ikkje akkurat Hamlet.. Ok. Klare til opptak? Lys, kamera. Vær så god!”.  Vannet renner ned over hendene hennes. Ryggen krummer seg sakte. Ho ser ut eit vindu som ikkje er der. ”Kutt! Bra. Det var fint.” "Eg spilte Ophelia ein gong, det var mykje, mykje enklare"