onsdag 30. september 2009

Ein vrengt morgon


Det gjer ikkje noko at saumane viser

Den har blitt lagt inn, og lagt ut att

Sprukne arr over heile himmelen

Gyldne stikk mellom springande trær

Syr sollyset inn på netthinna

 

Vi stod opp før vi sovna

Alt er bakvendt og opp ned

Og sanninga kjem for ein dag

Kjem for ein morgon

Kjem for svulmande auger 

tirsdag 8. september 2009

Ti linjer om haust


Hausten er komen. Lufta pirkar i huda, og plantar raude blomar i solbrun hud. Epler rotnar i bakken. Over marken flyg fuglane bort, no er han fri frå fugl og fiskar. Lange skjerf skrapar i grusen og drar med seg blindpassasjerar. Vi skal setja dei av under lauva, under trea.


Så drikk vi gravøl for sumaren. Kvar regndråpe skal skålast for. Kvar skjelving krevjar ein fest. Nuppar i huda held fest i frosta. Tida har komen for det siste. Det siste barbeinte sprang. Det siste varmande sollys. Kvit sol gjer alt klarare. Vi leikar så vidunderleg mykje. No med vekst, no med råte.